Du kan kontakte brukastøtte på tre måtar:
- Meld sak til brukarstøtte. Du får ein snarveg på skrivebordet ditt som heiter IKTNH Brukarstøtte. Bruk denne snarvegen som den føretrekte måten å kommunisere med IKTNH på.
- Send e-post til brukarstøtta: ikthjelp@iktnh.no . Skriv kva avdeling du er frå og beskriv problemet. Skriv gjerne også telefonnummer og kva tid du er å treffe.
- Ring 53 00 34 00, så får du snakka med ein tilsett i IKTNH som vil hjelpa deg vidare.
Skriv utfyllende kva problemet er, så tek IKTNH kontakt, anten på e-post eller telefon.
Dei fleste av fagprogram er framleis anten i sky eller installert på Tysnes sine eigne system. IKTNH vil derfor i ein periode vere avhengig av tredjepartsleverandørar og superbrukarar på Tysnes for å løysa saker. Det betyr at det kan ta litt tid å løyse einskilde saker. Men etter kvart som IKTNH vert betre kjende med oss, vil saker bli løyst enklare og raskare.
Konsulent Emil frå IKTNH er fysisk på Tysnes i ein periode og vil ta dei fleste sakene. Emil skal være å kommunehuset tre dagar i veka, tysdag, onsdag og torsdag.
Tysnes kommune og IKTNH jobbar med å overføre IKT-drifta til IKTNH. Det er mange program og system som skal flyttast og lagast nye avtalar på. Leiarar og mellomleiarar i Tysnes kjem til å ha ei viktig rolle i denne endringsprosessen.
Overføring til IKTNH sitt miljø i veke 6 - kva betyr det?
Her kjem utfyllande informasjon om kva det vil kreva av førebuing til overføringsveka, og korleis denne veka kan påverka drift og tenestetilbod.