Me håper at me kan gje inspirasjon til meir fysisk aktivitet i vår kvardag, med treningsstrikkar og øvingar demonstert av dyktige kollegaer, og med ein liten dose humor.
Treningsstrikkar vert delt ut til alle medarbeidarar, både faste og vikarar. Me ønskjer at dei blir brukt på arbeidsplassen.
Kvifor fysisk aktivitet på jobb
Arbeidsmiljøloven pålegger arbeidsgjevar å vurdere tiltak for å framme fysisk aktivitet blandt medarbeidarane.
Det er det samla nivået av fysisk aktivitet som er viktig. Siden mange av oss tilbringer mykje tid på arbeid, blir aktivitet både på jobb og på fritida viktig. Det beste me kan gjere er det som motverkar inaktivitet, i følge Statens arbeidsmiljøinstitutt bør målet være å dempe de negative effektene av inaktivitet på arbeidsplassen. Mindre inaktivitet gir i seg sjølv positive helseeffekter. Då blir arbeidsplassen, transport til og frå arbeid, heimen og fritida viktige arenaer for å være fysisk aktiv.
Plakat om fysisk aktivitet og arbeid frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami)
Kva er fysisk aktivitet på jobb
Både behov og kva som er mogleg, vil variere mellom arbeidsplassane hos oss. Den som sit heile dagen på kontoret, kan kanskje ha nytte av å bryta opp stillesittinga med meir aktive pausar og målretta trening. Den som har eit fysisk krevjande arbeid, trenger kanskje å trene kondisjon og styrke for å førebyggja skadar. Difor bør kvar arbeidsplass/eining vurdere kva som passar akkurat deira arbeidsplass og dei ulike belastningane som dei tilsette blir utsette for der - og sjå på kva ein kan finne rom til.
Eller som Chat GPT ville sagt:
🏋️♀️ Så kjære kollegaer, la oss ikkje lenger være HMS-heltar i skjul. La oss omfamne det som gjer kvar arbeidsplass unik, og finne løysingar som passar best for oss. Saman kan vi sørge for at arbeidsdagen blir både trygg og morosam, og kven veit, kanskje får vi til og med ein eigen HMS-OL-gren for kontorleikar! 🏅💪
Hugs at tryggleik er viktig, men det betyr ikkje at vi ikkje kan ha det litt gøy på vegen mot ein sunnare arbeidsplass! 😉
Me strekkjer oss i lag
Fysioterapeut har satt samen eit sett med øvingar, som vert vist fram av kjekke medarbeidarar i organisasjonen vår. Øvingane er meint å aktivere heile kroppen, dei kan gjerast aleine eller i lag med ein god kollega eller fleire.
Last ned: “me strekkjer oss i lag” plakaten for utskrift
Tips og meir inspirasjon til fysisk aktivitet på jobb og fritid
Få eit treningsprogram tilpassa deg og din kvardag frå helsenorge.
Ønskjer du andre tips til øvingar med strikk, kan videoen “Styrketrening for hele kroppen Nivå 2-3” frå LHL være til inspirasjon.
Kva gjer de - send oss bilete
Me vil gjerne sjå bilete av kor og korleis de strekkjer dykk med strikk! Kanskje kan me dele og inspirere kvarandre.
Send til: redaksjonen@tysnes.kommune.no