No er det like før drifta av IT i Tysnes vert lagt heilt om til IKTNH.
Omlegginga er ein omfattande operasjon som vil gå over fleire dagar der brukarar, brukardata og system i periodar vil vere utilgjengelege medan omlegginga skjer.
Sjølv om tilsette får ny brukar, og gjenoppretta tilgangar, så må det forventast nokre dagar der alt ikkje fungerer optimalt. Meld inn i teamet kva som ikkje fungerer, så vil tilbakemelding bli gitt fortløpande.
I utgangspunktet heng alt saman med alt. Omlegginga er eit stort arbeid med mange involverte. IKTNH, leverandørar av system og program, linjeleverandørar og tilsette i Tysnes skal jobbe saman for å minimere nedetid og ulemper.
Her er nokre av dei mest merkbare konsekvensane tilsette i Tysnes vil oppleva:
• Alle tilsette i kommunen får nye brukarar. Nytt brukarnamn vil følgje standard med seks bokstavar, sett saman av kommuneprefiks og dei to første bokstavane i førenamn og etternamn.
Til dømes vil Lars Hansen få brukarnamn tylaha med e-postadresse lars.hansen@tysnes.kommune.no
Alle tilsette i oppvekst vil få @tysnes.kommune.no som si e-postadresse
• E-posten og officekontoen vert flytta og blir tilgjengeleg igjen etter kvart som prosessen hos Microsoft gjer seg ferdig. Flytteprosessen startar fredag 31.01, og tilsette vil oppleva å mista tilgangen til officeprogramma i løpet av helga for så å få brukaren tilbake etter kvart
• Alle får nytt passord. Nytt passord vert sendt på sms til alle som har registrert mobilnummer i kommunen sine system.
• Dei største systema som dannar kjerna i den kommunale drifta vert lagt om først.
• Nettverket vert lagt om, så det vil bli nedetid på internett til ulike tidspunkt på kommunale avdelingar. Sjå oversikta i tabellen under. Dette er ein plan vi må ta nokre atterhald på gjennomføringa av. Det er mange element å ta omsyn til.
• Alle PC-ar må setjast opp på nytt. Dei vil bli lagt om til Windows11. Alle data som er lagra på datamaskina vil bli sletta. De vil få ut eit skjema de fyller ut og legg på tastaturet på pcen din om at den er klar til nullstilling. Dersom de ikkje har skjema, så legg ein lapp på pcen at den er klar til nullstilling
• Data som ligg i skya eller på filområde på server vil ikkje bli sletta.
• Tynnklientar treng ein ikkje gjere noko med. Desse vert skifta ut med stasjonære datamaskiner
• Kopimaskinene vert lagt om saman med nettverksomlegging. Skrivarar vert sett opp med “Sikker utskrift”. Det vil seie at de registrerer adgangskort/brikke på skrivaren og kan logge inn med denne seinare. Med denne løysinga vil det også bli bruk for færre skrivarar.
• Det blir oppretta eit eige team for kommunikasjon rundt omlegginga av Tysnes kommune. Alle tilsette i Tysnes blir medlem i teamet med den nye brukaren sin. I teamet legg vi ut informasjon, og tilsette kan bruke dette teamet til å komma med spørsmål rundt migreringa. Teamet heiter “TY-Omlegging av Tysnes”. Dette teamet vert sletta ei tid etter at omlegginga er ferdig.
• Vi har forståing for at det kan bli frustrasjonar rundt omlegginga neste veke, men med godt samarbeid så vil vi få dette til på ein god måte.
Her er den planlagte rekkjefølgja på omlegging av lokasjonane i Tysnes. Dersom det er trong for det, vil fredag bli brukt til etterarbeid.
Måndag | Tysdag | Onsdag | Torsdag | Fredag |
Tysneshallen Vågsmarka Bufellesskap Vågsmarka Barnehage Tysnes Brannstasjon Lunde Barnehage
| Tysnes Rådhus
| Tysnes Omsorgssenter
| Tysnes Skule Uggdal Skule Onarheim bhg/Skule
| Haugen Bufellesskap Tysnes Vassverk
|
Alle tilsette må signera fullmakta under, og vera tilgjengeleg dei aktuelle dagane for oppdatering av pc.