Gjennomføring
Målet er at me skal gjennomføra undersøkinga anna kvart år. Når resultatet er klar, skal kvar avdeling sjå på resultata i fellesskap og deretter arbeidet aktivt med å velge ut faktorer og forbetringstiltak.
Undersøkinga blei gjennomført i mai 2025, og resultata er sendt til leiarane for vidare oppfølging.
Oppfølging
Når resultata er klare, får kvar avdeling/eining sjå eigne resultat og bruke desse i utviklings- og arbeidsmiljøarbeidet sitt.
Resultata blir gjennomgått på personal- og/eller avdelingsmøter. Her vil det bli lagt opp til refleksjon over det som kom fram og de skal saman kome fram til faktorar de ønskjer å forbetre og sett saman ein handlingsplan der tiltak og ansvar vert definert.
Kommuneresultata vil bli gjennomgått med leiarar, tillitsvalgt og verneombod.
10-faktor vere ein del av forbetringsarbeidet vårt og målet er difor at undersøkinga skal gjennomførast 2.kvart år.
Kvifor 10-FAKTOR?
10-FAKTOR er eit forskningsbasert verktøy for å måla ti faktorar som er avgjerande for å oppnå gode resultat, både med omsyn på tenestene me leverer i kommunen og på arbeidsmiljøet vårt. Desse ti faktorane kan me påverka gjennom målretta utviklingsarbeid, både på organisasjonsnivå og på arbeidsplassen din.
Alle medarbeidere er viktige for at me skal nå måla våre - difor treng me ditt svar!
Vil du vite meir om 10-FAKTOR? Klikk her.