I arkivplan finn du gjeldande rutiner for Tysnes kommune.

Det er arkivansvarleg som har ansvar for å halde arkivplanen til Tysnes kommune oppdatert med gjeldande rutiner, slik at den er både informativ, brukarvennleg og eit godt arbeidsverktøy for tilsette. 

Det er ønskjeleg at tilsette set av tid til å gjere seg kjent med arkivplanen. Dette gjeld primært sakshandsamarar og leiarar, men det kan vere nyttig òg for øvrige tilsette. 

Arkivplanen skal følgje lovkravet i arkivforskrifta:

Arkivforskrifta § 4 Arkivplan og internkontroll:
"Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet."

 


Arkivplanen finn du her:

Arkivplan knapp.jpg


 

Dersom du har tilbakemeldingar på arkivplanen, har vanskar med å finne fram eller ser noko som må endrast, ta kontakt med arkivansvarleg:

Åse D. Haaland
tlf. 913 22 578
epost: aase.d.haaland@tysnes.kommune.no