Hovudverneombodet si rolle
I verksemder med flere verneombod, skal det vere hovudverneombod. Hovudverneombodet si sentrale oppgåve er å samordne verneomboda sitt arbeid. Dersom det er tvil om kva verneombod ei sak høyrer inn under, kan hovudverneombodet avgjere dette.
Utover dette har ikkje hovudverneombodet nokon alminneleg mynde til å styre eller avgjere over det enkelte verneombodets verksemd. Hovudverneomboddet skal med andre ord ikkje utøve verneombodet sin funksjon når verneombodet fungerer tilfredsstillande på sitt område.
Hovudverneombodet skal sitje i arbeidsmiljøutvalet, som ein av dei tilsette sine representantar. Hovudverneombodet kan velgast blant eitt av verneomboda eller ein annan person som har eller har hatt tillitsverv i verksemda.
Valet kan anten skje ved at verneomboda vel hovudverneombodet, eller ved at lokale fagforeiningar utpeiker hovudverneombodet etter bestemte reglar.
Les mer om vernetenesta her:
Hovudverneombod i Tysnes kommune er Synnøve Uglehus Sundal. Ho kan nåast på e-post: synnove.uglehus.sundal@tysnes.kommune.no