Som tilsett i Tysnes kommune er du innmeldt i ei offentleg tenestepensjonsordning. Me har to leverandørar: Statens pensjonskasse (SPK), og Klp (Kommunenes landspensjonskasse).
Klp eller SPK?
- Undervisningspersonale og leiarar ved skulane har sin pensjonsordning i Statens pensjonskasse (SPK)
- alle andre i kommunen tilhøyrer KLP
Pensjonskurs
Tysnes kommune arrangerar pensjonskurs for tilsette dei som fyller 60 år innværande år blir invitert. Kursa vert halde annakvart år. og gjev ei generell innføring i tema pensjon, samt ei individuell rettleiing.
Fødd 1963 og seinare
I mars 2022 holdt Klp eit digitalt informasjonsmøte for oss, med informasjon om pesjon for alle fødd i 1963 og seinare. Opptak av møtet finn du her: Digitalt informasjonsmøte med Klp
Søkje om pensjon?
Før eller seinare tek ein avgjersla for å ta ut pensjon. Framgongsmåten på desse to pensjonskassane kan vere ulik.
Her finn du informasjon frå din pensjonskasse:
KLP-kontakt
KLP-kontakt i kommunen:
Stine Holum Gjervik
Tlf: 976 33 534
E-post: shg@tysnes.kommune.no.
Ved å logge inn Min side på klp.no kan du:
- sjå din pensjonsopptening
- sjå din framtidige pensjon
- finne anna relevant informasjon om pensjon
Statens pensjonskasse
SPK-kontakt i kommunen:
Mathilde Søviknes Williamson
Tlf: 947 85 158
E-post: mathilde.soviknes.williamson@tysnes.kommune.no
Ved å logge inn på Min side på SPK kan du:
- sjå din pensjonsopptening
- sjå din framtidige pensjon
- finne informasjon om bustadslån