AKAN-arbeidet er ein viktig del av HMT-arbeidet vårt, og er med på å sikra at “fullt forsvarleg arbeidsmiljø” òg blir “best mogleg arbeidsmiljø” for fleire.

AKAN står for “arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk” og har som mål å forebygga avhengigheitsproblematikk i arbeidslivet.

 

AKAN-utvalet

AKAN-utvalet er underlagt Arbeidsmiljøutvalet (AMU), og har ansvar for rettleiing, arbeida med informasjons- og haldningsskapande arbeid, utarbeida handlingsplanar og retningsline for det systematiske førebyggingsarbeidet innan avhengigheitsproblematikk.

 

Samansetning

AKAN-utvalet er sett saman av AKAN-kontakt, representant frå arbeidsgjevar si leiargruppe, personalrådgjevar og representant frå bedriftshelsetenesta. 

 

AKAN-arbeidet

Førebygging startar med ei retningsline som seier noko om kva haldningar me har i høve rusmiddelbruk og spel, som tilsett i Tysnes kommune.

Akan-rutina gjer meir informasjon om korleis AKAN-arbeidet føregår og kva ansvar me har som tilsett, kollega, leiar med vidare, både i førebyggande arbeidet, men og i enkeltsaker.

Retningsline for rusmiddelbruk og spel er vedteke i kommunestyre i 2022.

AKAN-rutina er vedteke i arbeidsmiljøutvalet 2023. 

I tillegg til reglementet, føl desse dokumenta:

 

AKAN-kontakt

AKAN-kontakt vert peika ut av AMU og vert valt for to år om gongen, med høve til å bli valt på ny. Oppgåvene til AKAN-kontakt er:

  • i samarbeid med AKAN-utvalet ha førebyggande rolle, og gje informasjon og opplæring i spørsmål knytt til avhengigheitsproblem.
  • vere tilgjengeleg for dei som treng å rådføre seg med nokon om eige, eller andre sitt avhengigsheitsproblem.

 

 

AKAN-kontakt er Benedicte Lundevold

Kontaktinformasjon: benedicte.lundevold@tysnes.kommune.no / tlf. 97 64 89 65