I fleire ulike lover er det reglar om at produksjon, produkt og tenester skal halde ulike tryggleiks- og kvalitetskrav. Det vert også stilt krav til lokaler, verneinnretning og tilrettelegging av arbeidet for å sikre ytre miljø og gi tryggleik for dem som gjer jobben. Ein vanleg samlenemning for dette området er HMT – Helse, Miljø og Tryggleik.

Rutiner for HMT treng ikkje vere særleg omfattande for små bedrifter med liten risiko for brann, forureining, arbeidsulykker og så vidare. Men sjølve kravet til systematisk HMT-arbeid er det same for alle verksemder.

HMT-forskrifta vert også internkontrollforskrifta.

Som arbeidsgjevar har me plikt til å gje den enkelte arbeidstakar høve til å medverke i prosessar og avgjersler som gjeld eigen arbeidsplass. Det er arbeidsgjevar som har hovudansvaret for arbeidsmiljøet, men arbeidet med førebygging av helseplager vert best i samarbeid med arbeidstakarane. Arbeidstakarane sine erfaringar er difor ein viktig ressurs i HMT-arbeidet. Gjennom årlege vernerundar sikrar med eit slikt samarbeid.

 

Mal for vernerundeskjema

Mal handlingsplan HMT-arbeid

 

Årsrapport for verne- og miljøarbeid 

Årsrapport for verne- og miljøarbeid 2023