Alle kommunen sine nettstader (og etterkvart apper og sosiale medier), både for innbyggarar og tilsette, må være universelt utforma. Det betyr at alle skal kunne bruke løysingane uavhengig av alder, funksjonsnivå og utdanning.

Frå 01.02.23 er det krav om at alle offentlege nettstader skal ha ein tilgjengeligheitserklæring publisert på nettstaden.

Kva skal til for at ein nettside er universelt utforma?

Kravene til universell utfoming finn me i WCAG 2.0 og i WCAG 2.1

Her får du ein grei oversikt over prinsippa for universell utforming.

Fagsystem

Krava til universell utforming av IKT gjeld ikkje i arbeidslivet (bortsett frå intranett). Arbeidsverktøy og fagsystem som du nyttar for å gjera jobben din (til dømes saksbehandlingssystem, publiseringsløysingar, rekrutteringssystem og system for tidsregistrering og reiserekningar), skal ikkje ha tilgjenelighetserklæring.

Kven har ansvar?

Det er me som leverer tenesten som har det juridiske ansvaret. Det betyr at Tysnes kommune er ansvarleg også for nettløsninger kjøpt eller utvikla av tredjepartar. Overordna ansvar er delegert til kommunalsjefane, som vidare kan peike ut ein kontaktansvarleg som vil ha ansvar for den praktiske gjennomføringa.

Krav og tidsfrister

Innan 1. februar 2023 pliktar alle offentlege verksemder å ha ei tilgjengelegheitserklæring på plass på sine nettstader.

Erklæringa skal ligge på nettstaden si framside, fortrinnsvis i botn av sida/footeren.

Utfylling av erklæring

Tilgjengeligheitserklæring er ein digital løysing levert av Uutilsynet. Den som skal fylle ut erklæringa vil få ein pinkode, og må logge seg på https://uustatus.no/nn.