Eit inkluderandre arbeidsliv (IA) har som mål å gje plass til alle som kan og vil arbeide. Det betyr at alle må spele på same lag, og som tilsett i ei IA-verksemd er du ein viktig bidragsytar!

Intensjonsavtalen vart signert av regjeringa og arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane fyrste gong, hausten 2001. Etter dette, har avtalen blitt fornya hausten 2005, våren 2010 og våren 2013. Den nye avtalen er varig ut 2018.

Intensjonsavtalen skal bidra til å:

  • Betre arbeidsmiljøet og styrke jobbnærvær
  • Forebyggje og redusere sjukefråvær
  • Hindre utstøting og fråfall frå arbeidslivet

Ei IA-verksemd er ei verksemd som har tegna ein samarbeidsavtale med NAV, og dermed forpliktar seg til å arbeide for å halde måla i intensjonsavtalen.

For at arbeidsstaden skal kunne ta best mogleg vare på arbeidstakarane sine ressursar og moglegheiter, er det viktig at du deltek. Det meist viktigaste er det som foregår på arbeidsstaden– mellom deg, leiaren din og dine kollegaer. Det er dykk som er hovedaktørane.

Som arbeidstakar har du ansvar for å:

  • Bidra til å skapa eiy godt arbeidsmiljø
  • Sei frå om ting som kan endrast til det betre
  • Leite etter moglege løysingar for fråvær, dersom du er / står i fare for å verte sjukemeldt
  • Opplyse om fråværet har samanheng med arbeidssituasjonen din, ha dialog med din leiar om kva du er i stand til å gjere, slik at arbeidsgjevar kan tilrettelegge arbeidet
  • Sei frå om tidsperspektiv på fråværet så raskt du veit noko om dette
  • Vere innstilt på å gjere anna passande eller tilrettelagt arbeid, dersom dette kan bidra til at du er/eller kjem raskare tilbake i jobb
  • Bidra aktivt i din egien sjukefråværsoppfølging etter gjeldande lovverk, til dømes delta i dialogmøter og i utarbeidinga/gjennomføringa av oppfølgingsplanen.
     

Arbeidsgjevar i ei IA-verksemd har ansvar for å:

  • Setje inkluderande arbeidsliv på dagsorden og ha konkrete mål for IA-arbeidet.
  • Følgje retningslina for oppfølging av sjukemeldte

Sjekkliste for dialogmøte med sjukemeldte

Link til NAV - oppfølging av sjukemeldte