Tysnes kommune har for tida rammeavtale med Aktimed, som er godkjent leverandør av bedriftshelseteneste.

Bedriftshelsetenesta (BHT) er ei fagkyndig og rettleiande teneste innan det førebyggande HMT-arbeid, og skal bistå arbeidsgjevar og tilsette med å følgje opp arbeidsmiljøet i verksemda. Overordna arbeider BHT med førebyggande HMT-tiltak og kjem med forslag til forbetring.

Bedriftshelsetenesta har ein fri og uavhengig stilling i arbeidsmiljøspørsmål for å utføre denne rolla på ein tilfredsstillande måte, og er blant anna representert i arbeidsmiljøutvalet (AMU).

 

Om Aktimed

Aktimed Helse er ein landsdekkande helseaktør som blant anna leverer bedriftshelseteneste.

Her kan du lese meir om Aktimed: https://aktimed.no/hva-vi-gjor/tjenester/

 

Korleis kome i kontakt med bedriftshelsetenesta?

Dersom det er vurdert som naudsynt med bistand frå bedriftshelsetenesta, kan næraste leiar drøfte dette med personalavdeling som vidare etablerer kontakt med Aktimed.

 

Handlingsplan bedriftshelsetenesta

Det vert utarbeid ein årleg handlingsplan, som beskriv kva oppgåver bedriftshelsetenesta skal utføre/bistå med for kommande år. Planen er ein del av det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet, og vert handsama i arbeidsmiljøutvalet (AMU). 

Årsrapport bedriftshelsetenesta

Årsrapporten viser ei oversikt over kva bistand bedriftshelsetenesta har hatt i verksemda.