AKAN-kontakt for Tysnes kommune er Benedicte Lundevold. Ho jobbar som leiar i Vågsmarka bufellesskap.
AKAN-kontakten er peika ut av AMU, og vert valt for to år om gongen.
AKAN-kontakt sine hovudoppgåver
- I samarbeid med AKAN-utvalet ha ansvar for informasjon og opplæring i rus- og pengespelfaglege spørsmål.
- Være tilgjengeleg for dei som treng å rådføre seg med nokon om eige, eller andre sin rusproblematikk eller problem knytta til pengespel.
- Deltek saman med leiar og BHT, i planleggjing, koordinering, oppfølging og evaluering av individuelle AKAN-avtaler.
AKAN-kontakt har teieplikt i samband med kjennskap og arbeid med enkeltsaker.
"For å få til eit godt AKAN arbeid i kommunen, er det viktig for meg og resten av AKAN-utvalet, å få ut informasjon om kva me kan bidra med, og kvar ein kan ta kontakt for å få bistand", seier Benedicte. "Det er også viktig å få til eit godt samarbeid med dei tillisvalte og verneomboda rundt om i kommunen. Eg oppmodar særleg leiarar, tillitsvalte og verneombod (men også alle tilsette), om å setje seg inn i Tysnes kommune sin retningsline for AKAN-arbeid. Det er og mykje godt lesestoff på akan.no."
Kontaktinfo
E-post: benedicte.lundevold@tysnes.kommune.no
Mobil: 97 64 89 65
Her finn du meir informasjon om AKAN-arbeidet i Tysnes kommune.