Anne Solberg Andersson byrja som skulefagleg rådgjevar i april.
Skulefagleg rådgjevar er ei nyoppretta stilling i Tysnes kommune som vil gje viktig rådgjeving og støtte til rektorane og dei tilsette i skulane, t.d. rundt drift, utviklingsarbeid og struktur.
Anne er utdanna lærar, og har arbeida heile arbeidslivet i Os/ Bjørnafjorden kommune. Først som kontaktlærar og faglærar, og vidare som inspektør. I nesten tre år arbeida ho som ungdomskonsulent i kommunen, før ho gjekk tilbake til skulen som avdelingsleiar – ei stilling ho hadde fram til ho kom hit til oss.
For Anne er det viktig at born og ungdom skal trivast og kjenne meistring. Då kjem læringa betre. «Eg er opptatt av å «få tilbake» fellesskapsfokuset, og ikkje individfokuset som eg er redd har blitt for stort hos for mange no.», seier Anne.
Anne har vore MOT-informatør i 16 år, og er opptatt av kva val born og ungdommar tek, korleis dei oppfører seg mot andre, og mot seg sjølv. Samfunnet er i ei stor endring, og det påverkar skulekvardagen til elevane òg.
Det er mykje som opptek Anne – foreldrerolla, sosiale media, oppvekstvilkåra til elevane våre, og korleis helse, heim og skule påverkar kvarandre.
«Born og unge treng tydelege, grensesetjande, omsorgsfulle vaksne rundt seg på alle arenaer. Vaksne som er gode førebilete, og som hjelper dei unge til å bli robuste menneske. Eg er opptatt av å tenkje heile bornet/ ungdommen/ mennesket, og at vi må arbeide på tvers for å hjelpe best mogeleg.»
Etter 21 år med fem minutt til jobb, har ho altså byrja pendle med ferja frå Os. Ho bur med mann og to jenter på snart 11 og 15 år og kan fortelje at fritida går stort sett til å følge opp jentene. Men ho har mykje ho brenn for og blir engasjert i sjølv òg. Det meste knytt til tema frå arbeidslivet mitt og ungdomsarbeid/ oppvekstvilkår, men hovudinteressa er å drive med musikk – og då song.
For Anne startar no arbeidet med å bli kjent med kommunen og skulane som organisasjon, med menneska som arbeider her, og høyre kva dei ønskjer at eg kan bidra med. Ho seier ho ser fram til å bli betre kjent med fleire, og set stor pris på den gode mottakinga ho har fått så langt.
Me ønskjer Anne velkommen – me er glade for å ha deg med på laget!