Ansiennitet vert rekna ut ved tilsetjing, på grunnlag av dokumentasjon av deg.

Kva gjev ansiennitet.

Ansiennitet blir rekna tidlegast den månaden du fylte 18 år

  • All tidlegare privat og offentleg teneste (dokumenter med attestar frå arbeidsgjevar)
  • Fagarbeidar med bestått fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida medrekna i ansienniteten.
  • Verneplikt.
  • Omsorgsteneste blir godskriven med inntil 3 år. Med omsorgsteneste siktar ein til omsorg for barn eller pleie av eldre eller sjuke.

Det blir ikkje gitt lønnsansiennitet etter fleire punkt for same tidsrom.

Ved omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver blir tidlegare behaldne fastsett lønnsansiennitet.

Sjå Hovedtariffavtalen § 12 for utdjupande informasjon.


Har du spørsmål til din ansiennitet, skal du snakke med din leiar.