Personal reknar ut ansiennitet ved tilsetjing, på grunnlag av dokumentasjon frå den tilstte.
Kva gjev ansiennitet
Ansiennitet blir rekna frå tidlegast den månaden du fylte 18 år
- All tidlegare privat og offentleg teneste (dokumenter med attestar frå arbeidsgjevar)
- Fagarbeidar med bestått fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida medrekna i ansienniteten.
- Verneplikt.
- Omsorgsteneste blir godskriven med inntil 3 år. Med omsorgsteneste siktar ein til omsorg for barn eller pleie av eldre eller sjuke. For å få godskrevet periodar med foreldrepermisjon, må me vite bornet sin fødslesdato.
Det blir ikkje gitt lønnsansiennitet etter fleire punkt for same tidsrom.
Ved omgjering av stilling som følgje av utdanning og/eller endra arbeidsoppgåver blir tidlegare fastsett lønnsansiennitet vert vidareført
Sjå Hovedtariffavtalen § 12 for utdjupande informasjon.
Særskilt om ringjevikarar
Ringjevikarar kan ha rett til ansiennietsopprykk dersom ein har jobba minst 14 timar kvar veke over eit halv år.
Sjå Hovedtariffavtalen § 12.3 for utdjupande informasjon.