Utkast til ny rutine
Rutine for oppfølging av den sjukmeldte forslag.docx
Leiar før lege
I Tysnes kommune ønskjer me at alle er med på å bygge opp under ein kultur der det er naturlig at ein snakkar med leiar dersom ein har trong for tilrettelegging.
Det er utarbeida forslag til eit skjema som kan nyttast i samtalen om tilrettelegging. Den tilsette som har trong for legetilsyn vert oppmoda om å ta med skjema til lege for å synliggjere kva moglegheit arbeidsgjevar har for tilrettelegging og for å lette legens arbeid i funksjonsvurderinga opp mot arbeidsoppgåver.
Brosjyre om sjukefråvær til tilsette
Brosjyre om sjukefråvær skal deles ut til alle tilsette i organisasjonen. Her skal ein finne informasjon om kva ein skal gjere ved eit sjukefråvær, og korleis ein kan forvente å bli følgt opp ved eit sjukefråvær.
Brosjyren skal påførast namn på leiar som skal kontaktast ved sjukdom, samt kontaktinformasjon for korleis fråvær skal meldast.
Brosjyre om sjukefråværsoppfølging.pdf
Sjukemeldt ut over maksdato
Me ønskjer å endre praksis frå at ein etter maksdato for sjukepengar søkjer om permisjon eit år, til at ein har eit formalisert og tettare oppfølgingsløp av dei som ikkje kjem tilbake etter eit års sjukefråvær. Det er utarbeida forslag til ein tilretteleggingsplan, samt eit skjema for evaluering av tilretteleggingsperioden.
Evaluering av tilretteleggingsperiode.docx
Tilbakemelding frå personalgruppa
PowerPoint presentasjon skal gjennomgås i personalmøte for å gje alle høve til å kome med innspel til den nye rutinen.
Tre av spørsmåla ønskjer me skriftlig svar på for å ta med i det vidare arbeidet med sjukefråværsrutinen. Me ber om at innspela frå personalmøte vert samla og sendt inn som eit felles svar. Tilbakemeldinga skal sendas til: shg@tysnes.kommune.no innan utgangen av februar.
Alle einingane vert oppmoda om å utarbeide ein liste over kva oppgåver ein kan gjere på dagar der ein grunna helse ikkje kan utføre sine vanlege arbeidsoppgåver. Dette arbeidet skal legge grunnlag for "leiar før lege" - samtalen om tilrettelegging før eit sjukefråvær.