Arbeidsavtaler
Fullmakt til å inngå mellombels arbeidsavtale for seks månader, er delegert frå rådmann til kommunalsjefane. Dersom primissa for mellombels tilsetjing framleis er tilstades etter 6 månader, kan arbeidstilhøve utvidast med ny arbeidsavtale for inntil seks nye månader. Merk at det er eigne reglar for mellombels tilsetjing for undervisningspersonell.
Einings- og avdelingsleiarar må avklara om fullmakt til mellombels tilsetjing er delegert vidare i linja.
Det er nye reglar i arbeidsmiljølova for innhald i arbeidsavtale. Ta kontakt med personalavdeling for å få tilsendt mal for arbeidsavtale, samt rettleiing på utfylling.
Rammeavtale ringjevikarar Rammeavtale skal brukast for tilkallingasvikarar som skal dekkja tilfeldig og kortvarig fråvær. Er du i tvil om du skal nytta rammeavtale - ta kontakt med personalavdelinga.
Arbeidsavtale pensjonistløn.pdf
Løns- og personalmelding
Løns- og personalmelding finnes i tre versjonar:
Teieplikt
Teieplikt er til for å verna om den enkelte sin rett til personvern og for å etablera og ivareta tillit hos brukar. Dei fleste arbeidstakarar i Tysnes kommune, må signera teieplikt ved oppstart i stilling.
Leiar har ansvar for å sikra at teieplikt-skjema vert gjennomgått og signert ved oppstart.
Teiepliktskjema vert journalført i personalmappa. Den tilsette får kopi av signert teiepliktskjema.