Barnekor
I Vågsmarka barnehage har dei etablert barnekoret og har øving anna kvar tysdag. Alle barna i alle aldrar er med, og alle dei vaksne. Her har dei mellom anna fokus på songar om vennskap.
Koret er eit ledd i kompetanseløftet, der fokuset no er på inkludering. Me opplever at det er stas å være saman alle å synge, og dei er blitt skikkeleg gode, kan styrar i barnhagen, Eldbjørg Knudsen fortelje.
Generasjonssong
Førskulegruppa i Stjernereise barnehage går til omsorgssenteret kvar månad, der dei syng i lag med bebuarane og brukarar av dagsenteret. Dei sitt i ein stor ring i storstova på omsorgssenteret.
Dette er kjekt for borna og for dei eldre.
Gode resultat på foreldreundersøkinga
- Barnehagane jobbar kontinuerleg med forbetring, seier einingsleiar Wenche Fagerbakk på spørsmål om kva barnehagane gjer som gjer resultata så bra. Vidare seier ho:
"Dette gjere seg gjeldande i samhandling og kommunikasjon med foreldre. Me er i den situasjonen at me møter foreldre dagleg og sjølv om me ofte tenkjer me skulle hatt mykje betre tid til denne daglege, uformelle kommunikasjonen har me likevel høve til å sjå og lytte til foreldra.
Med fokus på forbetring og utvikling er me blitt enda betre på å spørje kva som fungerer og kva som kan gjerast på andre måter. I tillegg øver me oss på å gå tilbake og sjekke ut korleis foreldre «opplever det no».
Me erfarer også at informasjon er ein viktig del av korleis foreldre opplever barnehagen, det vil gjelde både informasjon om det enkelte barnet, men og om kva dagen til barnet har bestått i. Me lærar oss kva som er viktig for dei ulike foreldra og kan på den måten i større grad møte dei individuelle behova.
Alt i alt tenkjer eg at det å legge til rett for «ei open dør», trygge foreldre i at alle tilbakemeldingar i kvardagen er viktig. Me har gode rutiner og planar, og det er viktig, og mest av alt er det viktig å vise og fortelje det og at det er viktig for barna. "
Heile foreldreundersøkjinga kan du sjå her: https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-barnehage/foreldreundersokelsen-i-barnehager-resultater/