Fredag 4. oktober var førskulegruppa i Stjernereiso barnehage invitert til teaterframsyning og teaterleik på omsorgssenteret.

Skodespelarane Frøydis Flotve og Veronica F. Røssland frå Teaterfrø fortalte og dramatiserte eventyret om Kvitebjørn kong Valemon, der dei fekk møta både prinsesser, bjørnar, trollkjerringar, og nordavinden. Etterpå inviterte dei borna og resten av publikum til å vera med å dikte eit heilt nytt eventyr saman med dei.

Stjernereiso barnehage melder om at det vart ein veldig kjekk stund saman. 

For årets førskuleborn var dette første besøk på omsorgsenteret, før dei startar med generasjonssong seinare i oktober.