Naudetatane hadde øving 25. april. Dagen starta med ein “tabel-top”-øving der politiet hadda laga eit senario som vart spelt ut. 

Naudetatene med brann og redning, ambulanse, Røde kors og heimevernet satt i eit rom, medan kommunal kriseleiing satt i kommunestyresalen. Politiet gjekk mellom og følge opp med utvikling i senario. 

Fokuset var på kommunikasjon og overlevering av bodskap og informasjon. Deltakarane vart delt frå gruppa og dei fleste vart tatt ut og fekk informasjon om utviklinga i saken som måtte bringast tilbake i gruppa. 

Etter "tabel-top"-øvinga, hadde naudetatane ei fysisk øving i Erdalen mellom anna med ein bli som hadde havna opp-ned.