Oktober er den nasjonale sikkerheitsmånaden, i år kan du teste kor god kunnskap du har om digital sikkerheit.
Veit du kva spoofing og ROS er? Og kor finn du retningslinjene for informasjonssikkerheit i din kommune? Veit du svara på dette, har du gode sjansar til å vinne flotte premiar frå sikkerheitsorganisasjonen vår.
Tilsette i alle IKTNH-kommunane er med i trekninga av:
- Bose headset
- Wilfa blender
- Fitbit aktivitetsarmband/klokke
I tillegg vert det trekt éin vinnar i kvar kommune i IKTNH-samarbeidet, som får eit gåvekort på 500 kroner.
Vinnar blir kontakta direkte og kunngjorde her på Viva Engage etter konkurranseslutt i starten av november.
