Me oppmodar om å bruke eigenmelding i heile arbeidsgjevarperioden
I Tysnes kommune har me utvida rett til å bruke eigenmelding. Me kan bruke eigenmelding i heile arbeidsgjevarperioden; det vil sei dei fyrste 16 kalenderdagane av eit sjukefråvær.
Frå 17. dag er det krav om sjukemelding.
Vær merksam - det gjeld kalenderdagar
Dersom du jobbar måndag til fredag og vert sjuk i to veker, vil også laurdag og søndag telja som arbeidsgjevarperiod.
Dersom du har fast arbeidstid kvar onsdag og du blir sjuk i fire veker, vil dagane frå torsdag til tysdag også telja som dagar i arbeidsgjevarperioden, sjølv om du ikkje har arbeidstid desse dagane.
Ved fleire periodar med sjukdom, med mindre enn 16 dagar mellom fråværa, vært periodane talt saman.
Dersom du har vore sjuk i ein heil arbeidsgjevarperiode, må du tilbake på jobb og vere frisk i ein samanhengande periode på minst 16 kalenderdagar før det blir ein ny arbeidsgjevarpeiode.
Tillit og enklare arbeidsprosess
Me ønskjer å vise at me har tillit til at du som tilsette er den som best veit om du er i frisk nok til å møte på jobb, eller ikkje.
Me trur og vonar også at du kjem raskare tilbake frå sjukdom når du sjølv vurdera når du er blitt frisk nok. Du er ein ressurs i Tysnes kommune og me trenger dykk alle på jobb når de er friske.
Når du nytter eigenmelding er det mindre arbeidskrevjande for leiarar og for lønsavdelinga. Me vonar at du også opplever eigenmelding som enklare enn sjukemelding.
Sjuk del av dag
Eigenmelding kan berre nyttast for heile dagar. Dersom du vert sjuk i løpet av arbeidsdagen, kan du difor ikkje nytte eigenmelding for deler av dagen. Denne problemstillinga har vore løyst på litt ulike måtar i organisasjonen vår. Framover vil alle som vert sjuk i løpet av ein arbeidsdag, ha høve til gå heim utan å få trekk i løn eller nytte fleksitid.
Dersom du vert sjuk og må gå frå jobb i løpet av arbeidsdagen, vil du få permisjon med løn for resten av arbeidsdagen din.
Me vonar at dette vil senke terskelen for å komme på jobb dei dagane ein er usikker på om helsa held til ein heil dag på jobb (i koronatid gjeld dette sjølvsagt ikkje ved luftvegssymptom!).
Misse retten til å nytte eigenmelding
Retten til utvida eigenmelding og til løna permisjon ved sjuk del av dag, er basert på tillit. Det vil framleis vere slik at dersom arbeidsgjevar har rimeleg grunn til å tru at fråværet ikkje skuldast sjukdom, kan me be om legeattest frå fyrste fråværsdag. Dette gjeld uavhengig av kor mange eigenmeldingsdagar ein har nytta fram til da.
Opplæringsmateriell
Her finn du opplæringsmateriell som vart laga i samband med endringa til utvida rett til eigenmelding:
Nye retningsliner for bruk av eigenmeldingar og ved sjukdom deler av ein arbeidsdag