Jostein har budd i byen i over ti år og trivdas med det. Men då han og sambuaren fekk barn, endra perspektivet seg. Dei ønska å ha familien rundt seg, og valet stod mellom to heimstader. Jostein kjem frå ein liten plass heilt ute med havet, Byrknesøy i Gulen. Men etter nøye vurdering var det sambuaren sin heimplass som stod fram som den beste løysinga for familien. No bygger dei hus og ventar på barn nummer to.
Jostein er utdanna barnehagelærar og har jobba i barnehage sidan 2012. Sidan mars i år er det ungane i Stjernereiso barnehage som har hatt glede av Jostein som trygg vaksenperson. Ein overgang når han kom til tysnesbarnehagane, er den høge andelen av kvinner på arbeidsplassen. Med erfaring frå barnehagar med like mange menn som kvinner, håper Jostein å sjå fleire menn i barnehagesektoren også på Tysnes og forteljar at det er eit veldig meiningsfullt arbeid. For Jostein gir yrkesvalet meining når han kjem i barnehagen og møter ungane. Det ein investera i ungane, det får ein tilbake! Det å kjekt å få være med på utviklinga deira, også er det spennande å kunna sjå meir enn berre åtferda til barna, og prøva å forstå kva som ligg bak. Det er høve til å gjera ein forskjell og kanskje bidra til nye perspektiv som driv han.
Jostein har ei stor interesse for musikk, spesielt korps, som har vore viktig for han i nesten 30 år. Han kan fortelje at han er «die hard brass», og noi haust begynner han i Tysnes musikklag. Tidlegare har han vore dirigering for skulekorps. Musikken er berre eit verkemiddel for å rettleia barna inn i vaksenlivet, seier han – og den jobben begynner i barnehage og skule. Det er viktig å investera tid og engasjement for å gi barn og ungdom eit meiningsfylt tilbod.
Jostein er imponert over nivået i Tysnes musikklag. Ein kan få til imponerande mykje på ein liten plass, det handlar ikkje om å være beste, men å få det best mogeleg til på dei forutsetningane me har. Samstundes er det viktig med kvalitet i fritidstilboda for ungdom – og trygge vaksenpersonar! Konkurrenten når dei bikkar 14-15 år, er gaming og mobiltelefonen. For å få ungdommen til å prioritera andre aktivitetar må det vera attraktivt og engasjerande. Dei vaksne må vera til stades for ungdommen og etablera tillitsforhold – det sosiale og det relasjonelle blir viktig – då kan ei få ungdom som gler seg til å møte opp.
Når me spør Jostein kva superhelt-eigenskap han kunne ønskt at han hadde på jobb, tenkjer han seg godt om. Det hadde vore praktisk om han var synsk for å forstå barna endå betre, men om han kunne fly, det ville blitt godt motteke av ungane om han kunne ta dei med på ein flygetur!