No kan brukarar av kommunen sine tenester psykisk helse vaksne og tenester for personar med funksjonshemming (Vågsmarka bufellesskap og Haugen bufellesskap) kommunisere med tenesta via www.helsenorge.no.
I løpet av 1-2 månadar vil heimetenesta, omsorgsenteret og fysioterapi/ergoterapi også opne for denne måten å kunne kommunisere på.
Brukarane kan ved fullmakt også gje tilgang til tenestene til sine pårørande. Det er moglegheiter også for dei som ikkje er samtykkekompetent.
Fordelar for brukar og pårørande
- Enklare å sende spørsmål og beskjedar – brukar/pårørande treng ikkje vente på at nokon skal ta telefonen, og kan skrive melding når det passar dei. Dialogen blir ikkje sletta, men blir bevart på Helsenorge.no.
- Eit verktøy for å styrke medverknad.
- Bidrar til forutsigbarhet og oversikt.
- Enklare for pårørande å involvere seg – også når dei bur langt vekke.
- Sikker kanal for informasjonsutveksling, i motsetnad til for eksempel e-post og sms.
I tillegg til fordelar for brukar/pårørande, vil tilsette kunne oppleve færre avbrot i arbeidet sitt, og kunne samle arbeidet med å sende/svare på meldingar til tider på dagen der ein ikkje arbeider brukarnært. Bruk av kalender/funksjon for timeavtalar vil vere nyttig for å betre kunne sy saman arbeidslister i t.d. heimetenesta, og unngå unødige bomturar. Betre kommunikasjon og samhandling med brukar/pårørande vil auke kvaliteten på tenesta ein gir. Meldingane som kjem frå helsenorge.no blir lagra direkte i brukar sin journal, i kommunen sitt journalsystem. Slik vil dei aktuelle tenesteytarane sjå den same konkrete meldinga, og ein kan i større grad unngå via-via beskjedar, og uønskt omforming av meldingsinnhaldet fram til det er dokumentert i journal.
Les meir
For dei som vil vete meir, finn ein informasjon på kommunen sine heimesider, og på helsenorge.no:
Kontakt kommunale helsetenester på Helsenorge - Tysnes kommune
Kommunale hjemmetjenester på Helsenorge - Helsenorge
Film om Christian som nyttar helsenorge til å kommunisere med sine helsekontaktar: https://youtu.be/ZhU5nwkPbXA