Tysnes kommune bruker tjenesta eDialog. Det er ein sikker kanal for digital innsending av dokument, også dei som inneheld sensitive personopplysingar eller andre taushetsbelagte opplysingar. Forsendingane blir krypterte og kommunen mottar dei direkte i kommunen sitt sak- og arkivsystem.
Korleis bruke eDialog:
https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/959412340
Klikk på lenkja over. Første skritt etterpå, er å autentisera deg ved hjelp av ID-porten. Ein anbefaler at du vel autentisering på sikkerhetsnivå 4.
BankID (sikkerhetsnivå 4)
BankID på mobil (sikkerhetsnivå 4)
MinID (sikkerhetsnivå 3)
Buypass ID (sikkerhetsnivå 4)
Commfides (sikkerhetsnivå 4)
Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og laster inn eventuelle vedlegg i form av pdf-filer.
Slik fyller du ut skjemaet
Vel om du er ein privatperson, innbyggjar eller om du representerer ei verksemd. Obligatoriske felt er merka med *
Dersom innsendinga di gjeld dokument i ei pågåande sak, er det fint om du oppgjev kommunen sitt saksnummer (referanse) i tittelfeltet i skjemaet. Lag ei dekkande overskrift av innhaldet i forsendinga di.
Når du trykker på «Send forsendelse», vert sendinga kryptert og den blir sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt. Du får kvittering med referansenummer på e-post.