I slutten av mai var Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS konsulent her med føredraget Ein kommune i endring – utfordringsbiletet for Tysnes på kort og mellomlang sikt.
Tysnes er i ein situasjon kor befolkningssamansetninga endrar seg, tilgang på arbeidskraft vert redusert. Samstundes aukar både kostnadane og forventingane frå innbyggjarane og frå staten.
Korleis vil dette utfordre berekrafta i kommuneøkonomien i Tysnes framover? Og korleis skal me organisera framtidas tenestetilbod i Tysnes kommune – og kommunesektoren – for å klare av dei store oppgåvene som ligg føre oss?
Utfordringar framover - demografi
I åra framover vil samfunnet endre seg nokså kraftig. Dei store etterkrigskulla fyller 80 år, og med det vil me få mange fleire potensielle brukarar innafor omsorgstenestene våre.
I 2024 har me på Tysnes ca. 200 over 80 år, mens det om 10 år vil vere ca. 315. Auken vil altså vere nær 60% i denne aldersgruppa. Tysnes er på ingen måte aleine om ei slik utvikling, dette ser me over heile landet. Til dømes vil ein stor by som Bergen få ein tilsvarande auke på nær 45% i denne gruppa.
I den lågaste aldersgruppa 0-5 år er det forventa ein nedgang på 20% dei neste 10 åra. Noko av årsaka til reduserte kull er at gjennomsnittsalder på fyrstegongsfødande mor no nærmar seg 31 år. I skulepliktig alder er nedgangen forventa å vere 12%.
Kva betyr så dette for oss?
Me får ein auke i utgiftsbehovet for dei eldre, samstundes som behovet minkar på barnehage og skule. Inntektssystemet er nokså brutalt, og det er forventa at me sjølve finansierer auken i eldreomsorga ved å bruke mindre pengar på barnehage og skule. Saman med det nye inntektssystemet, som Tysnes kjem dårleg ut av, kan dette bli ei krevjande tid.
Utfordringane framover set store krav til oss. Me må vere viljug til å tenke nye tankar om korleis me organiserer ein del av tenestene våre, og me må vere viljug til å gjere omstillingar. Me må bruke tida no til å rigge oss for dei nye tidene, elles vil me få store problem når endringane slår til for fullt.