Statistikk
I januar i år var det dobbelt så mange innloggingar i Compilo samanlikna med januar 2023. Frå 287 i 2023 til 636 i 2024! Ser me på rapporterte avvik i same periode, er me gått frå 16 i januar 2023 til 79 meldte avvik i januar 2024.
I heile føregåande året blei det rapportert 450 avvik, og no, halvveis gjennom februar, har vi allereie 125 avvik.
Alle skal ha tilgong
Organiseringa av IT gav oss nokon utfordringar, som me no har betre kontroll på. Det står att noko arbeid for å få på plass alle tilsette i barnehagane – elles skal alle no ha tilgang. Dersom nokon framleis opplever problem med innlogging, ta kontakt med vår kvalitetsrådgjevar.
Det er òg verdt å nemne at det finst videoar og hjelpemanualar inne i Compilo for dei som treng rettleiing.
Visjonen er at alle tilsette skal logge seg inn i systemet og ha moglegheita til å rapportere avvik og kome med forbetringstilrådingar når det er nødvendig.
Kontinuerleg arbeid
Nokon av avvika krev umiddelbare tiltak, medan andre er ein del av eit lengre løp med kontinuerleg arbeid. Overordna bidreg avvika til endring, forbetring og utvikling. Dette krev motivasjon og fokus frå både leiarar og tilsette for å oppretthalde den positive trenden me ser no.
På sikt har me som mål at det skal vere ein god vane for alle å logge seg inn éin gong i løpet av arbeidsdagen, og at Compilo skal vere ein nettportal der ein finn naudsynt informasjon.
Forbetringar i arbeidet
Kvalitetsrådgjevar vil delta på personalmøter i heile organisasjonen for å bistå og for å samle erfaringar. Det er mogleg at nokon opplev at det kunne vore betre løysingar i sjølve systemet. Kanskje det er utfordringar knytt til lukking av avvik som leiarar, eller tilsette kan møte ulike vanskar med å melde avvik? Målet er å sikre at eventuelle hindringar for å dokumentere eit avvik eller eit forbetringstilråding blir eliminerte.
Vegen vidare
I starten har me hatt fokus på modulen som handlar om avvik, men etter kvart vil me rette eit større fokus mot modulen som handlar om rutinar og prosedyrar.
Me planlegg å ta i bruk ROS (risiko- og sårbarheitsanalyse) og årshjul i løpet av tida som kjem. ROS vil vere eit styringsverktøy for leiarane, medan årshjulet skal fungere som ein kommunikasjonskalender.
Me ser fram til vidare utvikling og implementering av Compilo i vår organisasjon.