Vårt Elements-miljø skal i løpet av våre integrerast inn i Elements-miljøet til IKTNH. I tillegg til denne integrasjonen, får me ein ny modul, Elements Next. Dette er ein modul, som skal gjera det enklare og meir intuitiv for sakshandsamarar å arbeida i.
Korleis blir prosessen?
For å koma inn i Elements-miljøet til IKTNH, må det skje med ein heilt ny base. Me skal i gang med å byggja opp ein ny Elementsbase, der kommunen, Sikri og IKTNH skal saman laga basen som me skal arbeida i.
Korleis vil det påverka arbeidet vårt?
Oppretting av ny arkivbase gjer at me får eit skarpt skilje. Det vil sei at den arkivbasen me arbeidar i no, vil bli ein historisk base og alle pågåande saker må avsluttas. Prosessen er tilsvarande som ved overgangen frå Esa til Elements.
Avslutta saker
Alle aktive saker i Elements må avslutta før overgang til ny base. Det vil sei at kvar og ein sakshandsamar må jobba for at dokument blir svara ut eller avskrive før saka blir ferdigstilt. Når dette er gjort kan fellestenesta avslutta saka.
Når skjer dette?
Det er ikkje bestemt eksakt dato for skarpt skilje, men det vil truleg bli i starten på mai. Det vil koma meir informasjon om dette når dato er bestemt.
Korleis kan me førebu oss?
Kvar og ein kan allereie no starta med å avslutta saker som ikkje er aktive. Me må vidare finna ei god løysing på korleis me skal gjere det med dei sakene som ikkje er avslutta, men må over til ny base. IKTNH kjem til å rettleia oss i dette arbeidet.