Fem eller seks veker ferie

Som tilsett i kommunal sektor har du rett til 5 veker ferie pr år, 6 uker for arbeidstakarar over 60 år.

Ferieavvikling

Ferie vert fastsett etter avtale med leiar. Arbeidsgjevar har styringsrett på ferieavvikling.

Overføring av ferie

Det er arbeidsgjevars plikt å tilrettelegge for at arbeidstakar har moglegheit til å ta ut ferie.

Dersom du ikkje har fått avvikla all ferien, kan du søkje til din leiar om å at dei resterande feriedagane overført til neste år (Ferieloven §7-3). Frist for overføring av ferie er 1. desember i ferieåret. Me har ingen skjema for dette.

Ferie ved sjukemelding til maksdato

Dersom du har ferie til gode etter eit år med sjukemelding, og det ikkje er avtalt at du skal tilbake i jobb, vært ferien lagt til i forleng ved maksdato med mindre noko anna vert avtalt med leiar.

Feriepengar

Feriepengar for kommunalt tilsette vert som hovudregel utbetala i juni månad i ferieåret, jf. Ferieloven §11. Dersom hovudferie (min. 3 veker) skal avviklast på eit tidlegare tidspunkt, kan feriepengar utbetalast.

Feriepengane utgjer 12% (14,3% for arbeidstakarar over 60 år)

Feriepengar dersom du slutter i kommunen

Dersom du slutter i kommunen vert feriepengar utbetala som eit sluttoppgjer ved siste utløning.