Ferie som er avtalt er i utgangspunktet bindande for begge partar. Me vil her sjå på to unntak i Ferieloven, eit for arbeidstakar og eit for arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar kan gje betre vilkår enn Ferieloven.

 

Ved sjukdom og karantene kan ein ha rett til å utsette ferie etter ferieloven § 9

Ferieloven § 9 gjer deg som arbeidstakar rett til å utsetja feriedagar du ikkje får nytta deg av grunna eigen arbeidsuførhet. Retten gjeld ved full arbeidsuførhet, og ikkje ved delvis arbeidsuførhet.

Dersom arbeidsuførhet oppstår før ferieavvikling, kan du søkje om å utsetje heile ferien. Søknaden må setjast fram seinast siste arbeidsdag før ferien. Ved sjukdom som oppstår i løpet av ferieavviklinga, kan du be om å utsette det talet feriedagar som du var heilt arbeidsufør. Søknad må leverast så snart som mogleg etter du er tilbake på arbeid.

Søknad om utsetjing av ferie grunna eigen sjukdom må dokumentarast med legeerklæring (sjukemelding).

Sjukdom hos barn gjev ikkje rett til utsetjing i følgje Ferieloven.

 

Når føremålet med ferien fell bort

Dersom føremålet med ferien fell bort til dømes om utlandsturen vert avlyst, gjev det ikkje rett til utsetjing av ferien i Ferieloven.

Arbeidsgjevar kan velje å akseptere ei utsetjing av ferie. I slike høve må arbeidsgjevar vurdere ein kvar førespurnad individuelt opp mot konsekvensar for drifta på kvar enkelt arbeidsstad. Dersom me kjem i ein situasjonen der mange skal avvikle ferie når me er tilbake i normal drift kan det skape utfordingar med bemanning, og meirutgifter.

Tilsette det ikkje er særskilt trong for, må som hovudregel rekne med å avvikle ferie som avtalt.

 

Arbeidsgjevar si rett til å endre ferie

Ferieloven § 6 gir arbeidsgjevar rett til å endre planlagd ferie dersom det er naudsynt grunna uforutsette hendingar. Dei uforutsette hendingene må medfører vesentlige driftsproblemet, og det må være forsøkt å skaffe vikar. Vilkåra for endring er strenge, og før eventuell endring må arbeidsgiver drøfte med den tilsette.

Dersom endringa fører til meirutgifter for den tilsette, kan den enkelte setje fram erstatningskrav til arbeidsgjevar for desse.

Har du spørsmål om din ferie kan du rette dei til din leiar. Personalavdelinga svarer gjerne på spørsmål dersom det oppstår usikkerhet eller tvilstilfeller. Ikkje nøl med å kontakt oss.