14. mai fekk me besøk av rådgjevar Jørgen Dyrhaug frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) for å setje fokus på informasjonssikkerheit. 

Det var satt opp to føredrag for oss som arbeidstakarar på dagen, og eit for føresette i skulen på kvelden. 

Dyrhaug sitt hovudbodskap var at me veit for lite om datasikkerheit. Me har generelt for lite kunnskap og men mangler intuisjon og refleksar som kan advare oss i cyberscpase slik som det kan i det virkelige livet.

To av dei viktigaste tiltaka han oppmodar oss om er å ha gode passord, og at me held programvaren oppdatert.

Jo lengre eit passord er, jo sikrare er det. Og bruker me same passord fleire stader er sjansen større for at me blir “hacka”.