Hagestova vart oppført i sansehagen, Tysnes omsorgssenter i 2017, samstundes med hovudbygget. Men den har ikkje vore isolert eller innreia for bruk året rundt. 

I sommar vart hagestova sett i stand til heilårsbruk. Det er kjøpt inn hagemøblar og diverse for å skape ein god plass for brukarane våre. No kan bebuarar og brukarar av dagsenter nytta denne  til rekreasjon og å «byte stove» og  i samband med uteaktivitetar. Den kan nyttast til vaffelservering, ved grilling og fyr på bålpanna.

Dei tilsette har gjort ein flott innsast for å få dette til. Det er nytta midlar frå fond (arv og gåver).