Forhandlingar om hovudtariffoppgjeret startar opp 15.april. Forhandlingane vert avslutta innan 30.april, så framt partane vert samd og det ikkje vert brot. Det vert lagt ut informasjon undervegs på KS sine sider: https://www.ks.no/fagomrader/lonn-og-tariff/tariffoppgjoret-2024/
Me kan ikkje utelukka at det kan oppstå konflikt i samband med lønsoppgjeret i år. For at me skal stå best mogleg rusta til å handtera ein eventuell konfliktsituasjon, er det viktig at me får gjort ei god kartlegging av moglege konsekvensar på den einskilde arbeidsplass og at me får gått gjennom interne administrative rutiner.
Det er viktig at alle leiarar set seg inn i, og blir kjent med plan for konfliktberedskap.