Brukarstøtte gjennom IKT Norhordland
Om nokre veker vil alle tilsette i Tysnes få tilgang til IKTNH sin brukarstøtte for å få direkte hjelp til små og store IT-problem.
Nokre problem kan då IKTNH løysa fort, medan andre saker må brukast litt tid på.
Bistand med tilgangar til fagsystem må nok framleis løysast gjennom direktekontakt med kommuneadministrator for kvart enkelt fagsystem i Tysnes.
IKTNH kjem til å ha ein representant fysisk til stades i Tysnes fleire dagar i veka i tida framover. Han vil ha tett kontakt med fagmiljøa i kommunen, og det er han som vil arbeide med å løyse dei fleste innkomne brukarstøttesakene frå Tysnes
Vegen vidare
Parallelt med at IKTNH hjelper til med IKT-drifta, vil arbeidet med å kartleggja system, avtala omlegging med tredjepartsleverandørar og planleggja sjølve omlegginga til IKTNH halda fram. Fleire av leiarane og mellomleiarane i kommunen vil vera involverte i dette viktige arbeidet.
I dag er det Atea som har mykje av drifta i Tysnes, og overlevering av tilgangar og informasjon frå Atea til IKTNH startar på tysdag i neste veke. Etter kvart som vi har fleire svar, vil vi følgje opp med meir informasjon om vegen vidare i prosjektet og kva omlegginga vil ha å seie for den enkelte tilsette i Tysnes.