Til alle tilsette i Tysnes kommune,

23. oktober vart kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett presentert for formannskap, tenesteutval, hovudtillitsvalde og hovudverneombod. Budsjettet er i hovudsak ei vidareføring av den drifta me har i dag. Me har ikkje budsjettert etter tidlegare rammer, men har lagt fram tal på kva det reelt sett kostar å driva slik me gjer i dag. Difor er det ein stor auke i utgifter frå budsjett 2025 til budsjett 2026. Målet med dette er at budsjettet vårt skal vera realistisk og slik eit godt styringsverktøy for oss framover.

Budsjettet er lagt fram med eit overskot på om lag 5,6 MNOK. Grunnen til at me får eit overskot er at alle inntekter frå Havbruksfondet i 2026 – 36,4 MNOK –  er lagt inn i driftsbudsjettet. Dersom me hadde brukt delar av inntektene til nedbetaling av lån slik som ein har brukt å gjera, ville me hatt eit underskot i driftsbudsjettet vårt for 2026 på 12,4 MNOK. I 2027 vil samla utbetaling frå Havbruksfondet vera om lag 11 MNOK som er meir enn 25 MNOK mindre enn i 2026. Me kan difor ikkje halda fram med det driftsnivået me har per i dag, og det er nødvendig å redusera drifta vår monaleg framover.

Nokre av dei innsparingstiltaka som er foreslått for politikarane våre er overflytting av elevar ved Onarheim skule til skulane Uggdal og Tysnes, auka eigedomskatt og sommarstengde barnehagar. I tillegg er det planlagt omstillingsprosessar i helse- og omsorgstenestene våre.

Det har vore fleire innlegg om nytt basseng på Onarheim i lokalavisa vår den siste tida. I framlegget mitt til budsjett, er dette prosjektet tatt ut grunna svært høge kostnader til investering og auka driftskostnader. Det er i staden for lagt inn planleggingsmidlar for å sjå på ny løysing for basseng – til dømes om det er mogeleg å totalrenovera bassenget på Gjerstad.

Me har fleire spennande investeringsprosjekt i framlegget, mellom anna bygging av klasserom ved Uggdal skule – ta ein kikk i PP-presentasjonen!

No er det opp til politikarane å prioritera og gjera vedtak om korleis det endelege budsjettet skal vera. Når endeleg vedtak er gjort er det me som i fellesskap skal gjennomføra og styra i samsvar med vedteke budsjett.

Med ynskje om ei god helg til alle – både dei som har fri og dei som skal levera tenester på vegne av Tysnes kommune i helga også!

 

Beste helsing 
Aud Gunn 

 

Presentasjon av budsjett og økonomiplan 2026-2029