Jørgen Dyrhaug frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) er invitert for å halde foredrag om sikkerheit. Me ser det som særs nyttig at alle får med seg dette. 

Dato: 14. mai 2024

Stad: Grendatun i Uggdal

Tidspunkt: 10:00 – 12:00, eller
                    14:00 – 16:00

Det vert to alternative tidspunkt. I lag med din leiar kan de velja kva for eit som passar best for deg.

Om foredragshaldaren

Jørgen Dyrhaug er ein mykje brukt foredragshaldar innan sikkerheit. Han har arbeidd 14 år med tryggleik i Forsvarsdepartementet før han starta i NSM i byrjinga av 2013. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH og har også erfaring frå privat sektor. 

Dyrhaug var på Tysnes i desember 2023. Då var leiarar og formannskapet invitert til å høyre han snakke om sikkerheit innan IT og personvern. Me er veldig glade for at han kjem tilbake. 

Sikkerhetskultur 

Tysnes kommune har fokus på sikkerheit innan IT og personvern, og ser dette som eit svært viktig område. Me ser at mange verksemder har opplevd hacking og annan datakriminalitet, t.d. Østre Toten kommune.  For å redusera faren for at me skal bli utsett for datakriminalitet, må me ha ein god sikkerheitskultur. 

Etter Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) sin definisjon, så er sikkerheitskultur

«… summen av de ansattes kunnskap, motivasjon, holdninger og atferd som kommer til uttrykk gjennom virksomhetens totale sikkerhetsatferd.»

NSM seier vidare at:

«Sikkerhetskultur er til syvende og sist hvordan sikkerhet forstås, prioriteres og håndteres i virksomheten.»

Foredrag for førsette

I tillegg vil Jørgen Dyrhaug også ha eit foredrag på Tysnes skule for føresette kl. 18:00 – 20:00.