Tilsetjingsutvalet er klar med innstilling til stilling som kommunedirektør og tilrår at Aud Gunn Løklingholm får tilbod om stillinga. Endelg avgjerd vert gjort i kommunestyre tysdag 24.09.24.
Løklingholm bur på Bømlo og kjem frå stilling som administrasjonssjef i Helse Fonna. Ho er utdanna jurist og har lang og brei erfaring frå kommuneleiing i tidlegare stillingar.
Blir innstillinga vedteke i kommunestyret, håper me å ha ny kommunedirektør på plass frå januar 2025.