Me har rammeavtale reisebyråtenester og G Travel. Dersom du skal reise i samband med arbeid og treng fly, tog eller hotellovernatting, skal desse bestillast via G Travel sin portal.
Opprette brukar på G travel
For å få oppretta profil må du sende navn, e-post og mobilnummer til online@gtravel.no, og du vil motta ein e-post med vidare instruksjon. Me vil råde deg å lagre nettsida som favoritt til seinare bruk.
Du er sjølv ansvarleg for at profilen din er korrekt til ei kvar tid. Namnet i profilen skal stemme overeins med namnet i passet ditt. Dette får du spørsmål om å kontrollere fyrste gong du loggar inn. Samstundes er det viktig at din e-post og mobilnummer er lagra korrekt i online profil. Dette for å kunne motta meldingar om innsjekk samt annan informasjon frå flyselskapet i samband med dine reiser.
Bestille reiser
Du kan bestille reiser når du er innlogga på din profil på G Travel si nettside. I menylinja til høgre kan du bestille reiser og finne oversikt over gjennomførte bookingar. Før du fullfører ei bestilling, må du leggje inn ressursnummeret ditt.
Du finn ei brukarrettleiing under spørsmålstegnet (oppe i høgre hjørne), - denne vil ta deg gjennom ei bestilling steg for steg. I tillegg finn du videoklipp som viser ei bestilling steg for steg under «Lenkjer» i menyen til venstre.
Betaling
Bestilling av reiser gjennom portalen vert sendt på faktura. Det er viktig at du legg inn riktig ressursnummer slik at fakturaen vert belasta på rett område.
Retningsliner
Personalavdelinga held på å utarbeide retningsliner for reiser i samband med arbeid. Gjer deg gjerne kjent med etablert reisepolicy.
Har du spørsmål til bestilling av reise, eller andre spørsmål om innkjøp - ta kontakt med innkjøpsrådgjevar:
Hans Tore Brekke
Tlf: 481 48 282
E-post: hans.tore.brekke@tysnes.kommune.no