Datavirus og skadevare
Som me har sett gjennom mediaoppslag, har både bedrifter og kommunar vore råka av datavirus og annan skadevare som har kome inn på datasystema deira.
Resultatet av dette er at fleire har måtte bruke ti-tals millionar for å rydda opp, i tillegg til at datasystem har vore utilgjengelege i lengre tid, til døms som hos Østre Toten.
Vårt ansvar
Det er viktig at me alle er medvitne på å unngå å klikka på lenkjer og anna som kan gje oss datavirus. Tekniske sperrer som brannmurar og spamfilter kan ikkje stoppe alt som kan være skadeleg.
Junglemap skal hjelpa oss å bli meir medvitne på korleis me kan redusera risikoen for datavirus.
Nanolearning på e-post
Junglemap sitt produkt Nanolearning, gjev oss to tenester:
- Enkle leksjonar som me vil senda ut til alle med kommunal e-post. Til kvar lesjon er det også spørsmål ein skal svara
Slike e-postar vil bli sendt ut med jamne mellomrom. Det er ynskjeleg at alle går gjennom dei.
Kvar leksjon inneheld nokre sider med informasjon, og gjerne ei side med spørsmål der ein kryssar av og klikkar «Send».
- Målingar av kunnskap innan digital tryggleik. med phishing-mail med lenkjer for å sjå om brukarane identifiserer desse som farlege, eller om dei klikkar på lenkjene.
Med desse målingane av kompetansen vil me tilpasse leksjonane som vert sendt ut.