Som ein del av arbeidsgjevar si lle arbeidsgjevarar skal no kartlegge og rapportera på omfanget av deltidsarbeid, i følge Likestillings- og diskrimineringslova kapittel 4. Slik kartlegging skal gjennomførast kvart andre år.
I Tysnes kommunen har me utarbeida eit spørjeskjema, og skal i år gjennomføre kartlegginga for fyrste gong - me håpar på svar frå så mange som mogleg.
Alle - faste tilsette
Me ønskjer svar frå alle som er fast tilsett. Uansett om du jobbar fulltid eller deltid, om du har den stillingsprosenten du ønskjer, eller om du ønskjer deg opp eller ned i stilling.
Spørjeskjema vil være ope fram til og med 15. november.
Kartlegginga består av inntil ni spørsmål - kor mange spørsmål du får, kjem an på kva du svarar undervegs.
Du kan svara frå mobil, nettbrett, pc, mm.
Tidsbruk: eitt til ti minuttar.
Du svarer anonymt
Spørjeskjema er anonymt og det er ikkje teknisk mogleg å spore svara til deg gjennom innlogging eller anna. I spørjeskjema blir du bedt om å oppgje kjønn, innan kva sektor du jobbar, og kva stillingsproset du eiger per i dag - samla kan dette gjere det mogleg å identifisere einskildpersonar eller mindre grupper. Rådata vil difor berre bli handsama i den grad det er naudsynt for å lage ein fornuftig framstilling av svara. Rådata vil bli sletta innan 31.12.23.
Svara skal ikkje brukast til anna formål enn statistikk.
Plakat med informasjon mo kartlegging
Trykk på, eller scann QR-koden for å komme til undersøkinga.