Ny eining og einingsleiar
Etter omorganiseringa i 2023 er no Eining for helsefremjande og førebyggjande tenester på veg til å bli ein realitet.
Ingvild Hustad kjem tilbake frå permisjon som ho gjekk ut i då ho var i stillinga som einingsleiar for eining for barn og familie, og barnevernsleiar. Ho går inn i stilling som einingsleiar for den nye eininga i mars.
Eining for helsefremjande og førebyggjande tenester vil bestå av helsestasjonen og psykisk helse for barn som tidlegare låg til oppvekst, samt psykisk helse for vaksne og fysio- og ergoterapitenesta som tidlegare låg til eining helse i lag med legekontoret.
Ved helsestasjon er Sandra Valencia Lunde begynt som helsesjukepleiar. Ho er sjukepleiar og skal ta vidareutdanning som helsesjukepleiar ved sidan av arbeidet.
Ruth-Johanne Dalland som er tilsett i psykisk helse for vaksne skal ut i permisjon i eit år for å prøve seg i anna stilling og hente nye impulsar. Malin Olofsson er tilsett i hennar vikariat og skal begynne i april.
I fysio- og ergoterapitenesta er det i tillegg to permisjonar grunna fødsel. Marita Dalseid er i vikariat som ergoterapeut og har i tillegg nokon fysioterapioppgåver.
Legekontoret
Legekontoret er no ein eigen eining. Utskiljinga av dei andre områda, samt formalisering av stilling som kontorleiar skal gje kommuneoverlegen meir tid til fag og til oppfølging av legane og utvikling av legetenesta.
Jordmorstillinga er flytta til legekontoret frå helsestasjonen. Stillinga har vore lyst ut, og det har i desse dagar vore halde intervju med aktuelle kandidatar.
Frå Hugen bufellesskap og dagsenter til kontorleiar ved Tysnes legekontor
Irene Røssland Matre går frå stilling som avdelingsleiar ved Haugen bufellesskap og dagsenter, til stilling som kontorleiar ved Tysnes legekontor.
Stillinga som avdelingsleiar ved Haugen bufellesskap er lyst ut med søknadsfrist 3. mars. Fram til Irene sin erstattar er på plass er Cecilie Bjørnevik konstituert som avdelingsleiar for bufellesskapet og Benedicte Lundevold, avdelingsleiar for Vågsmarka bufellesskap, har ansvar for dagsenteret i lag med fagansvarleg Synnøve Sunndal.
Irene fortel korleis det har vore i stillinga på Haugen bufellesskap og dagsenter:
«Det har vore veldig kjekt og lærerikt å jobbe på Haugen bufellesskap og dagsenteret. Eg har fått vore leiar for ein flott gjeng med dyktige og reflekterte personale som yter sitt beste for at tjenestemottakarane på Haugen og dagsenteret skal ha det best mogleg. Tjenestemottakarane har gitt meg mykje glede og varme klemmar. Det er vemodig å slutte på ein arbeidsplass etter så mange år, men eg ønskjer å prøve noko nytt, og eg gler meg til nye arbeidsoppgåver på legekontoret.»
Haugen bufellesskap har i tillegg fått Karen Andersland som miljøterapeut. Etter mange år som ein roleg og trygg vaksen for barna i barnehagen, har ho søkt seg til nye oppgåver. Ho har tidlegare erfaring med brukargruppa, og gler seg til å bli betre kjent med bebuarane på Haugen.
Verdens beste jobb?
Per Verner Aase skal over i pensjonistanes rekker til sommaren og stillinga som leiar for frivilligsentralen blir ledig. Per Verner kan melde at han har trivst veldig godt på Frivilligsentralen, det har vore den beste jobben nokon sinne. Stillinga er lyst med søknadsfrist 3. mars.
Barnevernleiar
Eva Grov har vore konstituert som einingsleiar for eining barn og familie og barnevernsleiar i Ingvild sin permisjon. Stillinga som einingsleiar vert ikkje vidareført etter omorganisering. Barnevernsleiar har vore lyst ut, og det har i desse dagar vore halde intervju med aktuelle kandidatar. Barnevern blir no ein avdeling direkte under kommunalsjef oppvekst.
Eva går til stilling i heimkommunen Stord, difor er det også lyst ledig stilling som barneverskonsulent. Søknadsfrist er 3. mars.
Kommunalsjef oppvekst og ny skulefagleg rådgjevar
Aud Kaldefoss har sagt opp stillinga som kommunalsjef oppvekst for å gå av med pensjon. I mars kjem Lena Sløgedal og tek over etter Aud. Ho vil i sin stab få med seg Anne Solberg Andersson, som er tilsett som skulefagleg rådgjevar.
Målet er at når desse begynner skal oppvekst sitja samlokalisert. Det arbeidast med å finne ein god løysning på dette på rådhuset.
Barnehage og skule
I tysnesbarnehage har Gerd Kongsvik og Marianne Tvedt bytta arbeidsplass. Gerd er no styrar i Onarheim barnehage, medan Marianne er styrar i Stjernereiso.
Veronica Haugland Godø skal bytte arbeidsplass frå Stjernereiso barnehage til Onarheim skule, og Onarheim skule gler seg til ho kjem.
På Uggdal skule er dei veldig nøgd med å få tilsett to nye lærar i løpet av skuleåret. Fyst kom Kjetil Totland som har begynt å arbeide i heimkommunen sin etter mange år i Bjørnafjorden kommune. Rett etter kom Marius Mikkelsen som har flytta til Tysnes med familien. Me høyrer positive tilbakemeldingar frå elever og føresette.
Brann og redning
Torfinn Kongsvik skal få ein kollega på fulltid i Tysnes brann og redning. Stillinga som vara brannsjef vert å lyse ut innan kort tid.
Sentraladministrasjonen og NAV
Også i sentraladministrasjonen er det endringar. Her kjem Silje Lunde inn som rådgjevar kultur, etter at Mats Løve Gjersvik går tilbake til full stilling som biblioteksjef.
Silje har vore stabil på NAV kontoret i mange år der ho mellom anna har arbeida både med flyktningar og introduksjonsprogrammet, og sosialhjelp. Ho vil bli sakna der. Det blir ledig stilling etter Silje. Stillinga er lyst ut med søknadsfrist 10. mars.