Tysnes kommune har for tida to leverandørar på tenestebilar: Arval AS frå 01.07.2021 og Leaseplan AS. 

Vilkåra i kontraktane er like. Det vil sei at tilsette i Tysnes kommune ikkje skal driva med vedlikehald av bilane – korkje skifta dekk eller kjøra bil på service eller EU kontroll.

I tillegg til leasingbilar har kommunen eigne køyretøy.

Service/teknisk vedlikehald på bil

Arval/Leaseplan er ansvarleg for alt teknisk vedlikehold (reparasjoner) for å oppretthalda kjøretøyet sine funksjonar samt drifts- og trafikktryggleik.
Dette gjeld ikkje kun garantiarbeid/vanleg service, men også slitedeler som bremser, clutch, eksosanlegg, støytdempars, forstillingsdeler, alle typar lyspærer og liknande er dekka i avtalen.

Arval og Leaseplan er ansvarleg for at bilen vert kalla inn til service.

Det kan hende at leasingselskapet tek kontakt for å få informasjon om km-stand.

 

EU-kontroll/PKK

Arval og Leaseplan er ansvarleg for å kalla inn bilen til EU-kontroll. Sjølve innkallinga kan komma frå dei som har levert bilen.

I begge desse tilfella skal leverandør komma til Tysnes og henta bilane og samtidig levera frå seg ein lånebil. Tilsette skal ikkje kjøra til for eksempel Hodnanes og byta bil. Ber leverandør om det, skal det avvisast og ev. meldast til innkjøp.

Om det er Tysnes bilsenter som skal gjera service på bilen, kan det vera mest praktisk å levera bilen hos dei, men også dei skal levera ut lånebil. Dette bør avtalast sinast dagen før.

 

Dekk

Avtalen inneheld dekkhotell. Arval og Leaseplan er ansvarleg for dekkskifte. Ingen dekk skal oppbevarast hos Tysnes kommune og skal tilsette skal ikkje skifta dekk!

Leaseplan har avtale med Stord Dekkservice AS, men også Tysnes bilsenter vert nytta. Dekka skal oppbevarast hos ein av desse. 
Arval nyttar Tysnes bilsenter som dekkhotell.

Når Tysnes bilsenter skal skifta dekk, kan det vera mest praktisk å levera bilen til verkstaden. Om nødvendig må dei levera lånebil. 
Stord Dekkservice kjem til Tysnes og skiftar dekk på bilane der dei står.

 

Driftsstans

Bil frå Leaseplan: Ved driftsstans skal alltid Leaseplan kontaktast på tlf 810 33 666. Alarmtelefonen er open heile døgnet og kan ringast uansett årsak.

Bil frå Arval: Saman med bilen vil det vera oppgjeve kontakttelefon for driftsstans dag/natt.

Alle tenestene ovanfor betalar me fast for kvar mnd til leasingselskapa.

 

Uhell/ulykker

Dersom det er personskade skal ein kontakta nødetatane. 
Det skal alltid fyllast ut skademelding på staden. Det ligg skademeldingsskjema i alle bilane. Det kan vera ein stressande situasjon dersom det skjer noko som innfattar eit anna køyretøy, me tilrår difor å notera ned namn og nummer på det andre køyretøyet, og avtala å skriva skademelding i ettertid (dersom begge er samd om det). Å ta bilete av situasjonen er tilrådd.

Kontakt ved spørsmål om bil: Tysnes Bilsenter, tlf.nr. 40 17 72 52.


Har du spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med innkjøpsrådgjevar:

Hans Tore Brekke
Tlf: 481 48 282
E-post: hans.tore.brekke@tysnes.kommune.no