Lønnsoppgjeret kjem noko seinare i år enn i fjor pga. mekling mellom LO og YS samt ferieavvikling. Frå september blir løna utbetalt etter nytt lønsnivå. Etterbetaling frå 1. mai vil òg vere inkludert i september-utbetalinga.
Som ved tidlegare oppgjer vil storleiken på lønnstillegga variere basert på ansiennitet og stillingsgruppe. Tillegga blir lagt i sin heilskap på grunnløna til den enkelte per 30.04.2025.
For dei tilsette som ikkje er omfatta av Hovudtariffavtalen kapittel 4, vil lønsjusteringa skje gjennom lokale forhandlingar. Meir informasjon om dei lokale forhandlingane kjem seinare.
Du kan lese meir om det sentrale oppgjeret og lønnstillegga pr. 1. mai 2025 her
Informasjon til deg som ventar på ansiennitetsopprykk
Alle tilsette med ansiennitetsdato i mai, juni, juli eller august i åra 2009, 2015, 2017 og 2019 – vil få opprykk først i september.
Utsetjinga av ansiennitetsopprykket skjer for å unngå feiljustering av ny årsløn, gjeldande frå 1. mai 2025. Alle tilsette dette gjeld vil få etterbetalt beløp som svarar til den nye løna i september.