Økonomiavdelinga melder om at nytt design på lønsslippen er på plass. Målet er at lønslippen skal være litt lettare å forstå, særskild for dei som har tillegg i samband med turnus, dei som har fleire stillingar og dei som jobbar timar. 

Frå og med løna i april 2024 fekk alle lønsslipp i nytt design.

Endringar

Kolonne som viser kva periode lønna er opptent

Den tredje kolonna er ny og oppgir kva periode utbetalinga gjeld for. Periode har format ÅÅÅÅMM, slik at 202404 betyr april 2024 og 202403 betyr mars 2024 osv. Med dette kan ein no identifisera sjølv frå kva månad fastløn og timeløn kjem frå, altså «kva månad jobba eg for denne løna».

Sjå fyste bilete for eksempel.

Stillingsnummer

Har du fleire stillingar, vil kvar stilling har eit stillingsnummer. Slik kan du sjå kva stilling utbetalinga gjeld for. Du kan sjå kva stillingsnummeret stillinga har i første tabell, og finn stillingsnummeret igjen i linja for utbetaling. 

Sjå bilete 2 og 3. Her ser me korleis det ser ut på fastløn. 

Stillingsnummeret vil også visast igjen i linjer for variabel- og timeløn. Men merk at stillingsnummer ofte fell ut på turnustillegg då dei har lang lønnsbeskrivelse, særleg kveld/natt og lør/søn, og har årstal i parentes som då tydar kva år sats vart oppdatert. Sjå bilete 4

Delvis anonymisert personleg informajon

Til sist kan ein leggje merke til at fullt fødselsnummer og bankkontonummer er delvis anonymisert med *** på det som er særleg sensitivt i desse opplysningane.