Avtale om utvidet kompensasjon i forbindelse med koronapandemien (ekstern lenkje)

Lokal protokoll (lenkje)

 

Tidsrom

Avtalen gjeld til for perioden 07.01.22 – 30.04.22.

Avtalen kan seiast opp med ein månads frist dersom situasjonen tilseier at det ikkje lengre er trong for avtalen.

 

Føremål

Avtalen har til føremål for å mobilisere arbeidskraft for å sikre tilstrekkeleg personell, naudsynte og forsvarlege tenester under den pågåande koronapandemien og tilhøyrande vaksinering.

 

Utvida bruk av overtid

Avtalen legger i stor grad opp til at mobiliseringa av arbeidskraft skal skje ved frivillighet. Samstundes gjev den arbeidsgjevar utvida rett til å pålegge meirarbeid og overtid om det blir behov.

 

Korleis mobilisera arbeidskraft

Overtid skal nyttast i minst mogelig grad.

Hovudregelen ved fråvær er å mobilisere til meiararbeid for personell som ikkje har full stilling og bruk av eksterne ressursar, nytta utvida pensjonistvilkår (ekstern lenkje) der det er ei god løysing, før overtid vert nytta.

 

Her kan du sjå kva leiar skal vurdere før avtale om meir- og overtidsarbeid

Forutsetning for bruk av mer- og overtid

1. Bruk av merarbeid/overtid forutsetter at vilkårene om særlig og tidsavgrenset behov i aml. § 10-6 (1) er til stede.

2. Der mer-/ overtidsarbeid fører til at hviletiden mellom to arbeidsperioder blir under 11 timer, skal arbeidstaker sikres kompenserende hvileperioder, eller der dette ikke er mulig, annet passende vern.

3. Arbeidstaker skal sikres ekstra pauser ved arbeid utover 8 timer.

4. Arbeidstaker skal ha en sammenhengende arbeidsfri periode på minimum 28 timer i løpet av sju dager.

5. Arbeidstidsordningen må være forsvarlig og arbeidsgiver må ta hensyn til ansatte som trenger særlig tilpasninger, jf. aml. §§ 10-2 (1) og 10-6 (10).

Før mer- og overtidsarbeid iverksettes skal arbeidsgiver, dersom det er mulig, drøfte nødvendigheten av det med tillitsvalgte, jf. aml. § 10-6 (3).

Kjelde: Avtale om utvidet kompensasjon i forbindelse med koronapandemien (ekstern lenkje)

 

Kompensasjon for overtid

Overtid skal alltid være avklart med din leiar før overtidsarbeidet tek til. Overtid etter avtalen vert kompensert etter satsene i avtalen(sjå avsnitt under).

 

Kompensasjon for meirarbeid

Tilsette i deltidsstillingar kan få kompensert etter avtalen ved meirarbeid for den delen av meirarbeidet som overstiger 20 timer per veke. Meirarbeid vert kompensert etter satsene i avtalen(sjå neste avsnitt).

Desse satsane erstatter følgjande tillegg: laurdag og sundagstillegg, helge- og høgtidstillegg, kvelds- og nattillegg og delt dagsverk.

 

Satsane for meir- og overtidsarbeid

  • For arbeid utover full stilling blir erstatta overtidstillegga i HTA kap. 1 § 6, pkt. 6.5 og 6.6 med eit tillegg på 200 prosent.
  • For overtidsarbeid utført på helge- og høgtidsdagar er tillegget 300 prosent.

For arbeid utover avtalt arbeidstid som overstig ei samla arbeidstid på 20 timar per veke blir betalte tilsvarande satsar som i punkt 2.1.2 per arbeidd time.

 

Undervisningspersonell

Grunna undervisningspersonell særlege arbeidstidsavtal, gjeld eigne føringar for desse, jf del 2 av avtalen.

KS og Utdanningsforbundet har ein Felles anbefaling for meirarbeid under pandemien (ekstern lenkje)

 

Vurdering av overtidsbruk

Arbeidsgjevar skal i lag med organisasjonane evaluere avtalen innan 01.03.21. Arbeidsgjevar skal gje arbeidstakarorganisasjonane tilgang til statistikk om bruk av overtid. Dersom iverksetjinga fører til vesentleg og uventa bruk av meir overtid skal partane drøfte dette.