Generell informasjon

Det sentrale tariffoppgjeret i år var eit hovudoppgjer. Partane blei her samd om det skal settast av 1,1% av samla lønskostnad i kapittel 4 til pottforhandling i kapitlet. Det betyr at det skal gjennomførast lokale forhandlingar for tilsette i lønskapittel 4, i tillegg til kapittel 3 og 5.

  • Kapittel 4 gjeld løn til alle dei store stillingsgruppene som ligg inne med sentralt løns- og stillingstabell med garantiløn og ansiennitetsstige i Hovudtariffavtalen. Lønsutviklinga for dette lønskapitlet skal i hovudsak gjerast gjennom sentrale forhandlingar. I år er partane samd om at det skal gjennomførast pottforhandling i tillegg til sentralt lønsoppgjer.
  • Kapittel 3 gjeld løn til leiarar med delegert budsjett-, økonomi- og/eller personalansvar. Lønsutviklinga for stillingar i dette lønskapitlet foregår i si heilskap gjennom lokale forhandlingar.
  • Kapittel 5 gjeld løn til medarbeidarar som ikkje føl tabellen i kapittel 4, men som har fått fastsatt løn på eit individuelt grunnlag, til dømes rådgjevarar, ingeniørar, legar mfl. Lønsutviklinga for dette kapitlet foregår i si heilskap gjennom lokale forhandlingar, som kapittel 3.

 

Organiserte arbeidstakarar med lokal tillitsvald

Tilsette som er organisert i ein fagorganisasjon med lokal hovud-/tillitsvald, må ta kontakt med sin organisasjon for å få tilsendt kravskjema og frist for innlevering av krav. Hugs at alle krav må grunngjevast med føringar for det aktuelle lønskapittel, sjå lønspolitisk plan.

 

Organiserte arbeidstakarar utan lokal tillitsvald

For organiserte arbeidstakarar som ikkje har lokal tillitsvalt, må sjølv ta kontakt med sin organisasjon for å skaffa forhandler, og senda inn krav til sin organisasjon. Den tilsette må innan 6.september gje arbeidsgjevar informasjon om at det skal forhandlast (kan gjennomførast over telefon/teams), med å senda følgjande informasjon:

  • Namn
  • Arbeidsstad og stilling
  • Organisasjon
  • Namn på forhandlar
  • Kontaktinformasjon forhandlar

Forhandlingsleiar hos arbeidsgjevar tek direkte kontakt med forhandlar for å senda naudsynt informasjon og for å avtala tid til forhandling.

Dersom det er ønskjeleg at ein hovud-/tillitsvald med lokal organisasjon i same hovudsamanslutning (LO, Unio ol.) skal forhandla for deg, må du ta direkte kontakt med den hovud-/tillitsvalde for å avklara dette, samt gje melding til arbeidsgjevar om dette.

Det er òg mogleg å be om lønsfastsetjing. Arbeidsgjevar vil i dette høve gjere lønsfastsetjing med bakgrunn i lønskrav.

 

Uorganiserte arbeidstakarar

Uorganiserte arbeidstakarar som ønskjer å fremja eit lønskrav til forhandlingane, fyller ut skjema under. Merk at uorganiserte ikkje blir gjeve høve til å forhandla, men kan få lønsfastsetjing med bakgrunn i lønskrav. Det er arbeidsgjevar som set løna etter framlagt krav.

Skjema sendast til arbeidsgjevar på e-post post@tysnes.kommune.no, eller kan leverast i resepsjonen på rådhuset. Alle krav må grunngjevast med føringar for det aktuelle lønskapittel, sjå lønspolitisk plan.

 

Tidsfristar

Her er tidsfristar for lokale forhandlingar hausten 2024. Merk at dette er fristar mellom organisasjonane og arbeidsgjevar. Tillitsvalde kan ha gjeve medlemmar andre fristar, særleg for innlevering av krav, for å sikra god handsaming.

LønskapittelFrist for innlevering av kravForhandlingsdatoSperrefrist
Kap.49.september kl.12.0016. og 17.september18.september kl.15.00
Kap.525.september kl.12.0001.oktober02.oktober kl.15.00
Kap. 3.4.309.oktober kl.12.0015.oktober16.oktober kl.15.00
Kap. 3.4.216.oktober kl.12.0022.oktober23.oktober kl.15.00

 

Informasjon om resultat

Etter at forhandlingane er avslutta gjeld sperrefrist til alle protokollar er signert. Når sperrefrist er oppheva, kan organisasjonane informera sine medlemmar om resultatet. 

 

Skjema

Kravskjema kap. 4 

Kravskjema kap. 3 og 5.

(merk at organisasjonane kan nytta andre/eigne skjema).