Generell informasjon
Det sentrale tariffoppgjeret i KS-området i år var eit mellomoppgjer, der det berre blei forhandla om løn. Resultatet har ei ramma på 4,4 prosent årslønsvekst, som vil gje eit lønstillegg mellom 14.500 kroner og 21.200 kroner, avhengig av utdanningsnivå og ansiennitet. Heile lønsutviklinga i kapittel 4 vart gjeve sentralt, som vil sei at det ikkje vert lokale forhandlingar i lønskapitlet i år.
Resultatet i kapittel 4 gjev grunnlaget for lønsforhandlingane i kapittel 3 og 5, som får heile lønsutviklinga gjennom lokale forhandlingar.
Lokale forhandlingar kap 3 og 5
- Kapittel 3 gjeld løn til leiarar med delegert budsjett-, økonomi- og/eller personalansvar. Lønsutviklinga for stillingar i dette lønskapitlet foregår i si heilskap gjennom lokale forhandlingar.
- Kapittel 5 gjeld løn til medarbeidarar som ikkje føl tabellen i kapittel 4, men som har fått fastsatt løn på eit individuelt grunnlag, til dømes rådgjevarar, ingeniørar, legar mfl. Lønsutviklinga for dette kapitlet foregår i si heilskap gjennom lokale forhandlingar, som kapittel 3.
Organiserte arbeidstakarar med lokal tillitsvald
Tilsette som er organisert i ein fagorganisasjon med lokal hovud-/tillitsvald, må ta kontakt med sin organisasjon for å få tilsendt kravskjema og frist for innlevering av krav. Hugs at alle krav må grunngjevast med føringar for det aktuelle lønskapittel, sjå lønspolitisk plan.
Organiserte arbeidstakarar utan lokal tillitsvald
Organiserte arbeidstakarar som ikkje har tillitsvalt lokalt, må sjølv ta kontakt med sin organisasjon for å skaffa forhandler. Den tilsette må innan 5.september gje arbeidsgjevar informasjon om at det skal forhandlast (kan gjennomførast over telefon/teams), med å senda følgjande informasjon:
- Namn
- Arbeidsstad og stilling
- Organisasjon
- Namn på forhandlar
- Kontaktinformasjon forhandlar
Forhandlingsleiar hos arbeidsgjevar tek direkte kontakt med forhandlar for å senda naudsynt informasjon og for å avtala tid til forhandling.
Dersom det er ønskjeleg at ein hovud-/tillitsvald med lokal organisasjon i same hovudsamanslutning (LO, Unio ol.) skal forhandla for deg, må du ta direkte kontakt med den hovud-/tillitsvalde for å avklara dette, samt gje melding til arbeidsgjevar om dette.
Det er òg mogleg å be om lønsfastsetjing. Arbeidsgjevar vil i dette høve gjere lønsfastsetjing med bakgrunn i lønskrav.
Uorganiserte arbeidstakarar
Uorganiserte arbeidstakarar som ønskjer å fremja eit lønskrav til forhandlingane, fyller ut skjema under. Merk at uorganiserte ikkje blir gjeve høve til å forhandla, men kan få lønsfastsetjing med bakgrunn i lønskrav. Det er arbeidsgjevar som set løna etter framlagt krav.
Skjema sendast til arbeidsgjevar på e-post: post@tysnes.kommune.no, eller kan leverast i resepsjonen på rådhuset. Alle krav må grunngjevast med føringar for det aktuelle lønskapittel, sjå lønspolitisk plan.
Gjennomføringsplan lokale forhandlingar
Her er tidsfristar for lokale forhandlingar hausten 2025. Merk at dette er fristar mellom organisasjonane og arbeidsgjevar. Tillitsvalde kan ha gjeve medlemmar andre fristar, særleg for innlevering av krav, for å sikra god handsaming.
Lønskapittel | Forhandlingsdato | Sperrefrist |
---|---|---|
Kap.5 | 16.september | 17.september, kl.15.00 |
Kap. 3.4.3 | 23. september | 24.september, kl.15.00 |
Kap. 3.4.2 | 25. september | 26.september, kl.15.00 |
Informasjon om resultat
Etter at forhandlingane er avslutta gjeld sperrefrist til alle protokollar er signert. Når sperrefrist er oppheva, kan organisasjonane informera sine medlemmar om resultatet.
Skjema
(merk at organisasjonane kan nytta andre/eigne skjema).