Tariffoppgjeret 2025 er eit mellomoppgjer som i utgangspunkt berre gjeld lønsregulering. Forhandlingane starta 24.april.

Onsdag 30.april blei KS samd med Unio og Akademikerne om ei løysing i tariffoppgjeret, medan LO og YS braut forhandlinga.

 

Resultat for Unio og Akademikerne

Resultatet i KS-området har ei ramma på 4,4 prosent årslønsvekst. Dette er likt som Unio og Akademikerne blei samd om med frontfaget. Lønstillegga varierar mellom kr 14.500 og 21.200, avhengig av utdanning og ansiennitet.

 

Mekling med LO og YS

Oppgjeret med LO kommune og YS kommune går til mekling. Denne startar 6.mai og har frist 27.mai.

Dersom partane ikkje kjem til semje gjennom mekling, kan det bli streik frå og med 28.mai. 

 

Kva skjer viss det ikkje blir semje med LO og YS

Dersom det ikkje blir semje mellom partane innan meklingsfrist, blir det streik frå og med 28.mai.