Eirik Hagebø er vår nye barnevernsleiaren! 

Eirik kjem til oss med ein solid bakgrunn innan barnevern, etter å ha vore dei siste fem åra i Bergen kommune og fire år før det som tilsett på ulike barnevernsinstitusjonar. Det siste året har han hatt ansvaret for opplæring av tilsette i barneverntenestene i Bergen kommune i det nye fagsystemet "Modulus Barn", som også er i bruk her i Tysnes kommune. 

Eirik har eit sterke engasjement for barns velferd, og seier det er viktig å samarbeida med både kollegaer og familiar for å finna dei beste løysingane. 

Utanom arbeidet er Eirik ein lidenskapeleg fotballentusiast, spesielt når det gjeld engelsk fotball. Han er også ein ivrig hobbymosjonist som føretrekkjer lange løp i utmark.

Eirik begynte i stilllinga no i juni. Ut denne månaden har han Eva med seg på laget, og i juli blir begynner ny barneverskonsulent, John Birkeland Johnsen. 

Me ønskjer Eirik Hagebø hjarteleg velkommen til oss i Tysnes kommune!